CORRECT LYRICS

Lyrics : Mellom Bakkar Og Berg (Nordmannen)


Mellom bakkar og berg ut med havet
Heve nordmannen fenge sin heim
Der han sjølv heve tuftene grave
Og sett sjølv sine hus oppå deim

Han såg ut på dei steinute strender
Det var ingen som der hadde bygt
"Lat oss rydja og byggja oss grender
Og så eiga me rudningen trygt"

Han såg ut på det bårute havet
Der var ruskut å leggja utpå
Men der leikade fisk nedi kavet
Og den leiken, den ville han sjå

Fram på vinteren stundom han tenkte
"Giv eg var i eit varmare land"
Men når vårsol i bakkane blenkte
Fekk han hug til si heimlege strand

Go son oinni daid geadgas gáttiid
Ii lean oktage huksen doppe
Dál Mii čorget ja hukset min dáluid
Ja mii gáhttet min dáluid bures

Sud om havet han stundom laut skrida, der var rikdom på benkjer og bord
Men kringum såg han trældomen kvida, og so vende han atter mot nord


Mellom bakkar og berg utmed havet
Heve nordmannen fenge sin heim
Der han sjølv heve tuftene grave
Og sett sjølv sine hus oppå deim
Der han sjølv heve tuftene grave
Og sett sjølv sine hus oppå deim
Og sett sjølv sine hus oppå deim