CORRECT LYRICS

Lyrics : Stjerneskot

Verse 1
Somme pratar om ein himmel blå
Men uværsskyer er alt eg kan sjå
Stormen nærmar seg med raske steg
Eg må gje meg i veg for å komme til deg

Verse 2
Somme pratar om eit siste brekk
Om lønna for strevet som dei aldri fekk
Elva under oss renn svart og stri
Men alt har sin tid, i natt er du mi

Refreng
Som eit stjerneskot kom du inn i min sfære
Djup var lengta du vekte i meg
Eg kan hugse du sa til meg, kjære
"Aldri sjå ein annan veg
Aldri sjå ein annan veg"

Verse 3
Somme prata om Sankt Peters port
Om eg kjem dit, blir eg sikkert vist bort
Stundom hamnar du i tvilsomt lag
Truslar og slag, alt kjem for ein dag

Refreng x2
Som eit stjerneskot kom du inn i min sfære
Djup var lengta du vekte i meg
Eg kan hugse du sa til meg, kjære
"Aldri sjå ein annan veg
Aldri sjå ein annan veg"